lyngheiane

Knarvik i september 1962 – lyng og stein. Det store bygget i bakgrunnen er Knarvik barneskule.

Lyngheiane - moderne bustader
på historisk grunn


Når Lyngheiane no inviterer deg til å melda di interesse for leilighet i bygget som skal reisast i Knarvik, står du på alle måtar på trygg strilehistorisk grunn: Bygget ligg midt i det som var eit typisk nordhordlandsk lyngheilandskap, og lyngheiane omgir framleis Knarvik og dominerer heile distriktet. 

Lynghei-jordbruket er den eldste og meste bærekraftige forma for jordbruk me nokon gong har hatt. I Lyngheiane vert element av denne tradisjonsrike strilekulturen tatt inn i fellesareala – med bl.a. lyngheiar, steingardar, tørrmurar og grindverksbygg.

Ein av Knarvik-pionerane

Sjølv om dei folkevalde hadde gode og framtidsretta planar for Knarvik, skulle dei jammen ha pågangsmot og guts, dei første som etablerte næringsverksemd her i det som på 1960-talet framstod som huttaheiti.

Anders Haugland oppførte den første halvparten av det gamle bygget sitt i 1968/9, den andre delen vart bygd i 1974. I tillegg til Haugland VVS (Comfort), som var blant dei opprinnelege leigetakarane, var der både bank, (Alversund Sparebank, no Sparebanken Vest), post, likningskontor og trygdekontor.

Faksimile av Strilen, onsdag 14. mai 1969

Knarvik

Stadnamnet Knarvik har lange historiske røter. Ordelementet «vik» forklarer seg sjølv. Det gamalnorske ordet «knarr» vart nytta om ein båttype som vart nytta i vikingtida. Knarren var eit lasteskip, og det var breiare, djupare og kortare enn langskipet, som vart havgåande og som vart nytta under vikingtokta. Dei verdskjende Osebergskipet og Gokstadskipet er begge langskip, I daglegtalen brukar me gjerne ordet «vikingskip» om både langskipet og knarren.

Knarvik er eit stadnamn som finst mange stader langs kysten; berre i Alver kommune er det to stader med dette namnet. Ei forklaring på dette stadnamnet kan vera at dette var staden der knarren låg fortøydd eller var dradd opp på land. I alle fall vitnar namnet om den lange historien til bygdene våre.

Lyngheiane og lokal byggeskikk

Byggeskikken på Vestlandet generelt og på Strilelandet spesielt er ein sørgjeleg forsømt del av norsk arkitektur- og kulturhistorie. Fokuset i vårt land har alltid vore på den austnorske arkitekturen, som har fått status som «norsk byggeskikk». Kystfolket sine hus var ikkje estetisk interessante nok, og særleg uinteressant var dei enkle og anonyme husa på Strilelandet. Faktum er derimot at byggeskikken på Strilelandet – med den nøkterne bruken av treverk, grindverk og enkle lafta hus – er ein avansert bruk av trematerialar. 

Steinmurt bygning med torvtak   

Lyngheiane gjer eit poeng av å bruka ei rekkje element frå den tradisjonelle byggeskikken på Strilelandet og inkorporera dei i det moderne bygget. Dette gjeld t.d. grindverksbygget: På same måten som i stavkyrkjene vert vekta av bygget bore av stolpar som kviler på ei ramme eller rett på eit fundament av stein. 

Andre element frå lokal bygningskultur er steingardane, torvhusa og nausta.

Grindverksbygg: Interiør frå Lyngheisenteret på Lygra, Alver

Visuals by 3D Estate | Powered by Plyo